Cancion : Den Fyrste Song Artista : Herborg Kråkevik Album : Kråkeviks Songbok Url : https://www.letras10.co/letra-den-fyrste-song-de-herborg-krakevik [Vers 1] Den fyrste song eg høyra fekk Var mor sin song ved vogga Dei mjuke ord til hjarta gjekk Dei kunde gråten stogga [Vers 2] Dei sulla meg so underleg So stilt og mjukt te sova Dei synte meg ein fager veg Opp frå vår vesle stova [Vers 3] Den vegen ser eg enno tidt Når eg fær auga kvila Der stend ein engel, smiler blidt Som berre ei kan smila [Vers 4] Og når eg sliten trøytnar av I strid mot alt som veilar Eg høyrer stilt frå mor si grav Den song som all ting heilar ========================== Letra descargada de Letras10.co ==========================