Cancion : Valle Auto og bensin Artista : Lillebjørn Nilsen Album : Postkort fra Lillebjørn Url : https://www.letras10.co/letra-valle-auto-og-bensin-de-lillebjorn-nilsen Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald Så eg spurde: Vil du vere venen min? Men ho svara at: Eg er nok ikkje fri Eg har ein som eg vil elske all mi tid Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann Som kan spele slik som berre setesdølar kan (Og særleg om han speler Sordølen, da: Sudidudi dei dudi dei dudi dudi dei!) Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler Men du kan vel også følgje med? Eg blei svartsjuk og sa: Eg vil'kje ha det der! Denne fela der skal jaggu halde fred! Og så satt eg med gitaren på mitt kne Og eg øvde trutt og talde: ein to tre ... Og då helga kom så sa eg: Snille jenta mi No skal eg få spele danselåta di! (Og så spelte eg Sordølen, da: Dælælæ ...) Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal For ho visste ikkje kven ho ville ha Og slik er det med ei jente som er dansegal: Ho kan like gjerne svare nei som ja Så no sitt vi her og speler både to Og ute der på golvet svive ho! Og i morgon som ho søv den beste svevnen sin Må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin ... ========================== Letra descargada de Letras10.co ==========================