Cancion : Diesel og bensin Artista : Odd Nordstoga Album : Dette landet Url : https://www.letras10.co/letra-diesel-og-bensin-de-odd-nordstoga Ref: Det var diesel og bensin Som førde meg til deg Du stod der etter vegen Og så sat du på med meg Og eg trur at det var Noko der som du fann I mitt einsame hjarte Som du tende og brann Det var sommar og vind Og det var solbrune kinn Då me tok vegen til kjærleik Og vidare inn Med dei magiske fartøy Som baud oss på skyss Til paradiset og lenger I kvart bidige kyss Ref… Me var heile armeen I vår festning av stål På vår tosame røming Der me alt var i mål Me var brødre i blod Og det elskande par Og spør meg om lukten Den lukten minnet har Og farten var stor Så me to skull’ bli tre Men det lyste der framme Av det der som skull’ skje Så når barnet det kom Mellom oss var det reint Men det var klampen i bånn Som gjorde at me den dagen Ikkje kom for seint Og det var fint det Det var glede og slit det For vårt møte etter vegen Hadde ført like hit Og ingen trong ut På den lokkande veg Når det freste og brann Av eldar inni deg Ref… Så blei bakken for tung Og det koka og brann Og ventilane klapra Og ifrå toppen det rann Men alt under trykk Det stod og freste i ro Og det var alt som det skulle vera Men det stampa og sto No står eg her ute På ein haustfrosen veg Med mykje av greit nok Men det er lite som dreg Skogen den lutar Og stjernene heng Og tek eg til å springe Når eg kjem på det som eg treng Ref… ========================== Letra descargada de Letras10.co ==========================